Det er inga tvil om at Kari er sprudlande og glad. Men kva er det som gjer ho glad? Eg blir glad av venner, spesielt slike som spreiar glede. Elles blir eg jo glad av været, både om sommaren og vinteren, eg blir glad av å vere med dyr også blir eg glad av å danse. Eg blir også glad av å sjå på kjolar, og så har eg jo ein greie for cupcakes og sløyfar. Eigentleg er det ikkje så mykje som skal til for å gjere meg glad.
Sløyfar er som alt nemnd noko som fasinerar Kari. Derfor lurar eg på kvifor det er akkurat sløyfar ho finn så fint. Dette har Kari ingen problem med å svare på, og alle dei gode grunna til å bruke sløyfe kjem på rekke og rad. Fyrst og fremst er det er veldig fint og det pyntar opp. Sløyfene kan brukast både til kvardag og fint, kan festast både i håret og på alle slags klesplagg. Dei finnes i rosa, raud, lilla, grøn, svart, ja kort sagt alle slags fargar, og stoffet kan være i silke og alle slags andre stoffar. Også er dei rett og slett berre så utruleg søte.
Men korleis oppfattar ho seg sjølv? Dette må ho tenkje på ei stund før ho klarar å svare. Fyrste ho kjem på er motsetninga mellom å være aktiv og rastlaus, men samtidig vere ein skikkleg ”soffagris”, som ho kallar det. Ho klarar ikkje sitte stille alt for lenge, men likevel trivst ho fryktleg godt framfor datamaskina si. Etter dette er det sløyfar, kjolar og andre søte ting som nemnast. Å gjere verda søt er Kari frykteleg flink til. Anna enn dette kunne ho gjerne fortelje at ho er glad for tida. Sjølv om ho ikkje veit kva ho vil i framtida så ser Kari lyst på livet.
Men dersom ho utfordrast på framtida og eg spør ho kva planane er framover så er ho likevel ikkje heilt blank. Gjere noko ho likar er det aller viktigaste, og da må det nok enten vere å starte opp ein liten koseleg kafé kor ho kan glede menneske, eller arbeide med mote og design slik at ho kan skape noko vakkert. Men rette etter vidaregåande ynskjer ho å gå på folkehøgskule. Alternativa der er mange når ein er så aktiv som Kari, men enten mote og design, idrett eller dans er nok det Kari vil ende opp med.
Uansett kva Kari endar opp med er det nok noko fint. Ho kjem nok bestandig til å vandre rundt som ein søting, samtidig som ho smilar og ler og sprer glede til oss andre.
Fint :-)
SvarSlett